miljøterapeut/ miljøarbeidar, 100% stilling i tre-delt turnus
Ledig vikariat frå 27. oktober 2025 til 1. september 2026, som miljøterapeut/miljøarbeidar, del av barnefagleg team, 100% stilling i tre-delt turnus, arbeid kvar tredje helg.
Vi har og ledig vikariat i helge og ferievikariat, tilkallingsvikar.
Krisesenteret i Sogn og Fjordane er eit gratis døgnope tilbod til kvinner, menn og barn utsett for vald i nære relasjonar. Vårt arbeid er basert på fellesskap, solidaritet, verdigheit, respekt og tru på endring.
Primæroppgåver er målretta miljøterapeutisk oppfylging, støtte og hjelp til bebuarar og dagbrukarar av krisesentertilbodet. Søkar må og rekne med samvær/pass av barn, praktiske oppgåver og førefallande arbeid. Som del av barnefagleg team har ein eit særskilt ansvar for målretta oppfylging av barna.
Relevant utdanning/erfaring:
- Helse/sosialfagleg/pedagogisk utdanning
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Erfaring innan oppfylging av barn kan være ein fordel
Vi ynskjer oss ein medarbeidar som:
- Har interesse for temaet vald i nære relasjonar, traumebevisst omsorg og traumeforståing
- Har sjølvinnsikt, evne til refleksjon samt evne til å stå i utfordrande situasjonar
- Er empatisk, omsorgsfull, og har god relasjonskompetanse
- Er motivert, nytenkande og fleksibel
- Er ein lagspelar som bidreg til godt arbeidsmiljø
- Har førarkort
Vi tilbyr:
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Pensjonsordning tilknytt offentleg KLP
- Vegleiing i gruppe
Anna:
- Krav om politiattest ved tilsetting
Søknadsfrist: 30. september 2025
Søknad sendast til:
Stiftinga krisesenteret i Sogn og Fjordane
PB 188
6901 Florø
Eller på e-post til dagleg leiar Anja Korneliussen, anja@krisesenteret.sf.no
Ta gjerne kontakt på telefon 57 74 36 00/415 34 915 eller via e-post for meir informasjon om stillinga.