Krisesenteret i Sogn og Fjordane 40 år

Jubileumskonferanse 20. mars 2025

I 2025 feirar Krisesenteret i Sogn og Fjordane 40-års jubileum.

Vi vil markere 40 år med arbeid mot vald i nære relasjonar med ein spanande og variert konferanse. Konferansen er gratis, og vi vil i den samanheng takke Sparebanken 1 Sogn og Fjordane og Sparebank Vest som har bidratt økonomisk, noko som har ført til at vi kan tilby deltaking på konferansen gratis til våre samarbeidspartar.

KONFERANSE

Vi håper at de har anledning til å sette av dagen 20. mars for å markere jubileet saman med oss. Meld deg på innen 1. mars her.

Kvar: Florø kulturhus
Når: 20. mars kl 10.00-16.00

Vi har sett saman eit spanande program med foredragshaldarar som f.eks. Margunn Bjørnholt, Hadia Tajik, Jannicke Stav og Veronica Bratseth.

Jubileumsmiddag

Vi markerer jubileumsåret med middag på Haavebua, ei over 100 år gamal sjøbu med lange tradisjonar i Florø. Her blir det underhaldning og festtalar og ein velsmakande meny.

Kvar: Haavebua, Quality Hotel
Når: 20. mars kl 19.00

Jubileumsmiddag kr 670,-