Personvernerklæring

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Personvernerklæring for Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane mottek og innhentar opplysningar om våre brukarar for å kunne gi eit godt og heilheitleg krisesentertilbod, som er individuelt tilrettelagd og samordna med andre tenester. Dette er i tråd med krisesenterlova §§1, 3 og 4.
Alle skal være trygge på at personopplysningane vert behandla på ein sikker og riktig måte, og kjenne til kva rettar dei har, knytt  til handsaming av personopplysningar.
Denne personvernerklæringa inneheld både generell informasjon om korleis vi samlar inn og brukar personopplysningar, og om korleis vi behandlar personopplysningar når personar brukar krisesentertilbodet.

Personar som nyttar krisesentertilbodet vert omtala som brukar.

Fylgjande lovar, forskrifter og styrande dokument med relevans for krisesentra ift handtering av personopplysningar:

  • Krisesenterlova;vedteke 2010. Gir norske kommunar lovmessig plikt for å syte for krisesentertilbod for alle innbyggarane sine og er styrande for drift av norske krisesenter. Teieplikta etter krisesenterlova §5 girtilsette ved krisesentra utvida teieplikt
  • Personopplysningslova: Er førande for krisesentra sin behandling av personopplysningar. Personopplysningslova med forskrifter gir bestemmingar knytt til krisesentra si handtering av personopplysningar.
  • Pasient- og brukarrettigheitslova; gjeld for brukarar av krisesentra som også mottek tenester frå andre delar av det kommunale tenesteapparatet.
  • Barnevernlova;tilsette ved krisesentra er pålagde opplysningsplikt til barnevernet dersom det er grunn for alvorleg bekymring for barn

Behandlingsansvarleg
Dagleg leiar på Krisesenteret i Sogn og Fjordane er ansvarleg for behandling av personopplysningar

Kontaktinformasjon:
Anja Korneliussen
Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Org.nr. 985432155
Postboks 188
6901 Florø
Tlf: 57 74 36 00 • 415 34 915
anja@krisesenteret.sf.no
www.krisesenteret.sf.no

Dersom du har spørsmål om  vår behandling av dine personvernopplysningar kan du kontakte dagleg leiar

Innsamling av personopplysningar
All behandling av personopplysningar skal ha et spesifikt, uttrykkeleg gitt føremål, som er sakleg begrunna i verksemda. Jfr. GDPR art. 5 nr. 1 bokstav b
Krisesenteret i Sogn og Fjordane har ansvaret for å yte tenester etter krisesenterlova. Behandlinga av personopplysningar skjer innafor rammene av dette lovverket.
Det er naudsynt å ha tilgang til personopplysningar for å kunne yte gode og heilskaplege tenester i tråd med gjeldande lovverk.
I all hovudsak innhentar vi informasjon frå den enkelte brukar, men kan med samtykke frå brukarinnhente og utveksle naudsynte opplysningar med andre hjelpeinstansar.
Det er etter krisesenterlova krav til heilheitleg oppfølging av den enkelte brukar, samarbeid med andre instansar, krav til internkontroll og krav til trusselvurderingar for den enkelte brukar.
Krisesenteret får personopplysningar gjennom kommunikasjon med den enkelte brukar. Dette er naudsynt for føremål knytt til berettiga interesse for brukaren
Vi får også personopplysningar om partar eller andre enkeltpersonar som er involvert i ei sak.

Behandling av personopplysningar
Krisesenteret i Sogn og Fjordane har rutinar (jfr. Internkontroll) for å sikre korrekt handtering og sikring av personopplysningar etter personopplysningslova § 14.
Behandlinga av personopplysningar i samband med hjelp og bistand til brukarar  er forankra i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveiing).

Krisesenteret skal berre behandle personopplysningar om brukarar som er naudsynte for å kunne hjelpe. Kva typar personopplysningar som er naudsynte å behandle, kjem an på saka til den enkelte.
Krisesenteret i Sogn og Fjordane registrerer brukarar i eit lukka fagsystem.
Personopplysningane vert behandla i IT-system som har strenge krav til informasjonssikkerheit.
IT-systemet er tilgangsstyrt
Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av interesseavveiing. Dette er naudsynt for å sikre gode og heilskaplege tenester.
Dei som tek kontakt på telefon for å få informasjon, råd og rettleiing vert ikkje registrerte. Personar som tek kontakt for informasjon og rettleiing har rett til å vere anonyme om dei ynskjer det

Utlevering/innhenting  av personopplysningar til andre
Alle tilsette på Krisesenteret har streng teieplikt. Alle opplysningar om brukarar av krisesentertilbodet er strengt konfidensielle. Opplysningane vert ikkje gitt vidare til andre instansar med mindre brukarar ynskjer det og gir skriftleg samtykke.

Det finst likevel to lovheimlar som kan frita Krisesenteret i Sogn og Fjordane frå teieplikta.
Det er:

  • Avvergeplikta i straffelova§196, – der ein har plikt til å gi opplysningar for å førebygge vesentleg fare for liv eller alvorleg skade på nokon si helse.
  • Opplysningsplikt til barnevernet (§ 5 i Krisesenterlova) dersom det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla i heimen eller utsette for andre formar for alvorleg omsorgssvikt.

Oppbevaring av personopplysningar
Vi oppbevarer personopplysningar  i vårt system mens saka er aktiv. Dersom brukar samtykker til oppbevaring etter at saka er avslutta vert dokumenta overført til eit låst arkiv. Dette fordi at opplysningane kan være viktige for brukaren ved ein eventuell sak seinare. Personopplysningane vert sletta dersom brukaren trekker sitt samtykke. Opplysningane kan oppbevarast i 10 år dersom brukaren ynskjer det.

Dine rettar når vi behandlar personopplysningar om deg
Alle har rett til generell informasjon om Krisesenteret sin behandling av opplysningar etter personopplysningslova § 18. Alle personar som vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i dei opplysningane som er registrert om seg.
Dersom du meiner at opplysningane om deg er feil, kan du krevje at opplysningane blir retta eller sletta etter personopplysningslova § 27 og § 28.
For å ta i bruk dine rettar må du sende ei skriftleg henvending til Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Vi vil svare på di henvending så fort som mogleg og seinast innan 30 dagar.
Vi vil be deg stadfeste identiteten din eller å gje ytterlegare informasjon før vi let deg ta i bruk dine rettar ovafor oss. Dette gjer vi for å være sikre på at vi berre gir tilgang til dine personopplysningar til deg – og ikkje nokon som gir seg ut for å være deg.
Du kan til ei kvar tid trekke tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hos oss. Den enklaste måten å gjere dette på er å henvende deg til oss per brev eller telefon.

Klager
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har skildra her eller at vi på andre måtar bryt personvernlova, så kan du klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på deira nettsider: www.datatilsynet.no

Endringar
Dersom det skulle skje endringar av våre tenester eller endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre endring i informasjonen du er gitt her. Oppdatert informasjon vil alltid finnast lett tilgjengeleg på våre nettsider.

Personvernombud Kinn kommune
Berit Seljeseth Osa
personvernombud@kinnkommune.noTlf. 900 60 254 

www.krisesenteret.sf.no

Personvernerklæring for Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Denne personvernerklæringen forklarer hvordan vi behandler og beskytter dine personopplysninger.

Denne erklæringen gir deg informasjon om:

  • Hvilke personopplysninger vi samler inn og hvorfor
  • Hvordan vi bruker og beskytter disse opplysningene
  • Dine rettigheter knyttet til personvern

Les denne erklæringen nøye om du ønsker å forstå hvordan vi behandler dine personopplysninger.

Vår adresse er:  6900 FLORØ – Org nr. 985432155

Erklæringen gjelder for følgende: www.krisesenteret.sf.no

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane, ved daglig leder, er behandlingsansvarlig for behandling av personopplysninger.

Vår databehandler på dette nettstedet er

Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

HVILKE PERSONOPPLYSNINGER VI SAMLER INN, OG HVORFOR

Vi tar personvernet ditt på alvor og ønsker å informere deg om at vår nettside ikke benytter informasjonskapsler (cookies) for å samle inn eller lagre personopplysninger. Vi samler ikke inn data om din nettleserhistorikk eller brukeradferd, og vi deler ikke informasjon med tredjeparter. All informasjon som du eventuelt gir oss, vil bli behandlet konfidensielt og kun brukes til de formålene som er spesifisert i vår personvernerklæring. Vi er forpliktet til å beskytte ditt personvern og sikre at dine opplysninger forblir trygge.

Når samler tredjepartsaktører inn opplysninger om deg?

Når du klikker på lenker som sender deg videre til et annet nettsted, gjelder det nettstedets personvernregler. Personopplysninger som eventuelt samles inn da, behandler ikke vi.

Har du spørsmål om dette, eller om hvordan vi ellers behandler personopplysninger vi samler inn gjennom andre kanaler, er du velkommen til å kontakte oss.