Fast 100% stilling som miljøterapeut

fra 1. mars 2026 • tre-delt turnus, arbeid kvar tredje helg

Krisesenteret i Sogn og Fjordane er eit gratis døgnope tilbod til mennesker utsett for vald i nære relasjonar. Vårt arbeid er basert på fellesskap, solidaritet, verdigheit, respekt og tru på endring. Vi søkjer miljøterapeut i 100% stilling, med oppstart 1. mars 2026.

Relevant utdanning/erfaring:

  • Helse/sosialfagleg/pedagogisk utdanning på høgskule eller eventuelt vidaregåande nivå.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi ynskjer oss ein medarbeidar som:

  • Har interesse for temaet vald i nære relasjonar, traumebevisst omsorg og traumeforståing
  • Har sjølvinnsikt, evne til refleksjon samt evne til å stå i utfordrande situasjonar
  • Er empatisk, omsorgsfull, og har god relasjonskompetanse
  • Er motivert, nytenkande og fleksibel
  • Er ein lagspelar som bidreg til godt arbeidsmiljø
  • Har førarkort
  • Krav om politiattest ved tilsetting
Arbeidsoppgaver

Primæroppgåver er målretta miljøterapeutisk oppfylging, støtte og hjelp til bebuarar og dagbrukarar av krisesentertilbodet. Søkar må og rekne med oppfylging/samvær/pass av barn, praktiske oppgåver og førefallande arbeid.

  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Pensjonsordning tilknytt offentleg KLP
  • Vegleiing i gruppe

Søknadsfrist: 6. januar 2026

Søknad sendast til:

Stiftinga krisesenteret i Sogn og Fjordane
PB 188
6901 Florø

Eller på e-post til dagleg leiar Anja Korneliussenanja@krisesenteret.sf.no

Ta gjerne kontakt på telefon 57 74 36 00/415 34 915 eller via e-post for meir informasjon om stillinga.