POLITIET
Tlf. 02800
Kva ser ein etter og korleis handlar ein om ein mistenker at nokon er utsett for vald?
Kinn kommune har no utarbeidd ein plan for korleis kommunens tilsette skal stelle seg om dei mistenker at nokon blir utsette for vald. Men også du og eg har ei avvergingsplikt dersom vi mistenker at nokon blir utsett for vald.
– Det handlar om at alle har rett til ein trygg kvardag, og det er eit felles ansvar for alle. Alle kan gjere observasjonar, som må takast på alvor.